mandag 7. mai 2012

Jón Kalman Stefánsson: Himmelrike og helvete


Denne gongen var Bokdamene på Byneset svært samde. Det vart tommel opp for Jón Kalman Stefánssons Himmelrike og helvete.

Islendingen Stefánsson skriv om eksistensen. Kva lever vi for? Når er livet ikkje lenger verd å leve?

Hovudpersonen, gutten, mistar den beste vennen sin, Bárdur. Bárdur og gutten hadde ein felles lidenskap - litteraturen. Bøkene tok dei med inn i poesiens vakre, vemodige verd. Uten deg finnes intet skjønt for meg ...

Vi er på Island for hundre år sidan. I fiskeværet ligg båtane på land og venter på vêret. Plutseleg er tida der - dei skal ro ut. Bárdur greier knapt å rive seg laus frå dikta då mannskapet blir kommandert på plass. 

Det blir kjærleiken til bokas vakre ord som blir Bárdurs banesår. Han gløymer skinnvesten sin. Ute på havet i vind og uvêr er det den visse død.

Gutten kjemper - vil ikkje tru at han mistar vennen. I tida etterpå ser han ingen grunn til å leve vidare. Uten deg finnes intet skjønt for meg ...

Gutten må likevel levere den skjebnesvangre boka til eigaren. Det skylder han sin beste venn. I møtet med seg sjølv gjennom det karrige landskapet og etterpå i møta med nye menneske, ser gutten ein ny veg.

Jón Kalman Stefánsson overbeviser som ein poetisk historieforteljar. Dette er ein roman som rører og er full av språklege godbitar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D