tirsdag 10. april 2012

Daniel Glattauer: Den syvende bølgen

Kva skjer med Emmi og Leo når den sjuande bølgja kjem? Den sjuande bølgja skal vere vanskeleg å berekne, vanskeleg å forutsjå. Sjølv på stille, blankt hav - liksom ut frå ingenting: Svusj! Ein mistar årer, - eller gangsyn og fornuft om ein plasserer den sjuande bølgja i relasjonane mellom menneske.

Forelsking og fascinasjon, bølgjer av spenning og tiltrekking. Men innimellom blir ein tjora til brygga, og alt roar seg.

Emmi. Leo. Førre boka slutta med at mannen til Emmi, Bernhard, oppdaga e-postkorrespondansen. Bernhard skriv til Leo og ber om at han må møte Emmi og at det kanskje ender med at forelskinga på den måten brenn ut. I staden takkar Leo ja til eit jobboppdrag og drar til Boston.

Fleire månader seinare skriv Emmi atter ein gong til Leo. Og vips; så dei er i gang igjen. Fram og tilbake går orda, dei åpnar og lukkar for noko meir. Leo er i gang med eit nytt forhold. Ei stund prøver dei å overbevise seg sjølv om at dei berre er skrivevenner. Men under: tiltrekking, sjalusi, utprøving av den andre.

Det nye i denne boka er at Emmi og Leo treffes innimellom e-postane.

Kva skjer når den sjuande bølga treff? Eller den sjuande gongen dei møtes? Det er vel ikkje ei stor avsløring at det blir ein meir lukkeleg slutt i denne boka enn i Mot nordavinden.

Dette var god påskeunderhaldning for meg, Groskro var litt meir skeptisk i sin omtale av boka.

2 kommentarer:

  1. Joda..., som underholdning var den grei, men jeg skulle ønske den var litt bedre.

    :-)

    SvarSlett
  2. Jeg ble egentlig lei av Emmi og Leo midt i første boka, så jeg kommer nok ikke til å lese denne oppfølgeren.

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D