søndag 5. februar 2012

Jon Fosse: Morgon og kveld

Korleis er det å dø?

I Fosse sin roman Morgon og kveld blir ein gut født, ein gamal mann dør. Johannes heiter dei begge. Handlinga er lagt til ei kystbygd på Vestlandet der mennene er fiskarar.

Det Fosse skriv blir så nære for meg, så verkeleg og sant. Dei vesle, men store tankane, dei vesle, men store liva våre. Olai ventar på at kona skal føde. Fødselen er i gang. Ho stønnar, kona, ropar si naud over smertene. Jordmora husjar Olai ut frå rommet. Det er tyder ulykke må vete, at mannen er i rommet når bornet skal bli født. Olai må ta seg i det, kome seg ut. Tenk om kona forulykker fordi han er der, ikkje har vett til å kome seg ut! Tenk om Gud straffar han no. Gud som er, eller ikkje er - men om han er - må takast omsyn til. Slik filosoferer Olai. Fosses ord blir så inderleg ekte, så truverdig.

Fosse sier om det å skrive at det nesten er som å vere ein spelemann, ein spelar lesaren inn i teksten, "eg vil [...] at folk skal kome inn i det eg skriv". (I Brenner: Om å skrive, s. 126)

Det at Fosse sjølv samanlikner skrivinga si med musikk er nok ikkje tilfeldig; rytmen, gjentakinga er ein svært musikalsk måte å skrive på.

I andre delen av boka, då Johannes døyr, er rytmen med heile vegen. Ja ja, seier Johannes, ja ja, der han går omkring denne kalde dagen, og er så uendeleg lett i kroppen. Så rart, tenkjer han, medan vi som les forstår at noko er annleis denne dagen. Maten smakar ikkje noko, og Johannes ser kona si og andre som allereie er døde. Ja ja, tenkjer eg. Er det slik eg får ta avskjed, slik eg får gå over frå ein tilstand til ein annan?

Ei svært fascinerande bok! Eg tilrår ho.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D