torsdag 29. januar 2009

Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug

For ei herleg bok! Om kor vanskeleg alt er, der ein går i sitt eige spor med sitt indre liv, som aldri kan bli forståeleg for andre. Likevel er det ikkje ei pessimistisk bok. Det er GODT å sjå inn i dei ulike personanes indre, og å føle med dei, og samtidig lære noko om kor ulike spor vi går i og at det ikkje er så rart at dei ikkje treffer kvarandre så ofte. Inst inne er ein alltid åleine, og slik må det vere, tenkjer eg. Utan at det er noko tragisk ved det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D